Når vi kjem til hovudstaden har vi valgt å spreie fotefara våre litt ikring. Dette mest for å porsjonere sunnmørslyden litt over eit breidare landskap. Vi har nemleg stor respekt for at enkelte synest vi sunnmøringar kan vere "litt" over snittet omfangsrike. Derfor har vi bestemt at 4 av 8 skal kaste glans i Folkets Hus, medan dei 4 andre glansbileta dreg på lysglimtjakt i samband med skulebesøk, og utfører andre strålande saker. Igjen kjem sunnmørscrawl`en inn...vi må ha mest mogleg kunnskap av ymse slag med i "kofferten" heim.
Også skal vi sjølvsagt ut og mingle ilag og få med det dagsaktuelle på teaterscenene i byen. Det var ikkje så reint overraskande at det også i år svimer rundt ein sunnmøring på "Det norske teater" som vi berre mååå ta oss tid til å nyte. Are Kalvø og Co` med oppsettinga "Halve Kongeriket" spelar nemleg torsdagen under konferansedagane. Vidare dukkar det opp enda meir sunnmørsblod i same teateret på fredagen: "Tonje Glimmerdal" gler vi oss også til å få sjå i levande live. Rett nok er det Maria Parr, opphavskvinna av historia om Glimmerdalen sin einaste jentunge som er sunnmøring. Det er denne forfattaren som også står bak boksuksessen "Vaffelhjarte" som til og med har blitt filmatisert og vist i rikskanalen.
Litt snikreklame frå og for folket på Nordvestlandet her og der altså...
Vi har god von om at dette skal verte ein begivenheitsrik jomfrutur med turne-bussen.
Vi sjåast i november... OG VI GLER OSS!
Med helsing
Hundeidvik Privatskule & SFO
"Med trivsel i sentrum & rett til å blomstre"
---------
Halve kongeriket
av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov
Det Norske teater skriv:
Er politikk eigentleg veldig romantisk?
Alle hugsar bryllaupet til Haakon og Mette-Marit ein augustdag i 2001. Korleis er slike storhendingar med på å definere kven vi er og kven vi vil vere? Har kanskje denne augustdagen i 2001 dytta samfunnet og oss alle bittelitt framover og gjort oss til bittelitt betre menneske?
Dette kollektive bryllaupsminnet er sentralt i framsyninga Halve Kongeriket. Men musikalen fortel også historia om korleis det norske samfunnet kunne utvikla seg om noko heilt anna hadde skjedd den gongen i 2001.
Denne musikalen har trua på folket og framtida, leitar etter ,- og finn! - romantikken i politikken, og hyllar dei små framstega som sakte, men sikkert gjer oss til både betre menneske og betre samfunn.
Dagbladet skriv:
Kongelig moro.
Terningkast 5
VG skriv:
Det er så mye små finter, gale assosiasjoner, håpløse koplinger, elleville parodier - og ditto musikk - at man simpelthen bare må gi seg over!
Terningkast 5
Aftenposten
Gjennomført og storslagent!
Terningkast 5
Tonje Glimmerdal
av Maria Parr
Det Norske teater skriv:
Jenta med fart og sjølvtillit er tilbake! Tonje Glimmerdal byr på latter, drama, tårer og musikk – mykje å gle seg til for både store og små.
Etter strålande kritikkar hausten 2013, tek vi no opp igjen denne nye perla så fleire barn skal få glede av Maria Parrs varme og morosame univers.
Den tøffe jenta Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdal. Ho fyller snart 10 år og lever etter mottoet «fart og sjølvtillit». Den beste vennen hennar heiter Gunnvald. Han er ein av dei eldste i Glimmerdalen og er både stri og sta. Tonje er så glad i han at det knakar i hjartet. På rattkjelkane han lager til henne suser ho frå toppane og nedover i dalen medan ho syng av full hals, og når ho vil snakke har han tid til det. Og så spelar han fiolin, så heile Glimmerdalen blir fylt av mirakelmusikk. Alle i Glimmerdalen likar Tonje, unntatt campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje ungar i det heile og forbyr dei å kome til campingplassen hans. Elles er alt fint og som det skal vere.
Løyndommen
Men så blir noko forandra. Først får Gunnvald eit brev. Så skadar han seg og må på sjukehuset. Og plutseleg forstår Tonje at det er mykje ho ikkje veit om Gunnvald. Alt blir veldig komplisert for Tonje. Ho forstår ikkje vennen sin. Ho blir sinna. Og så er det nett som om alt går litt av hengslene ei stund. Men Tonje er jo ikkje ei jente som heng med hovudet. Tonje er ei jente som veit å ta saka i sine eigne hender og forandrar det som er vondt til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Men ho står på sitt. Ho er snart ti år gammal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre.
Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) blir kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Ho har blitt samanlikna med både Astrid Lindgren og Johanna Spyri, som skreiv bøkene om Heidi som no i vår går som animert serie på NRK Super. Men først og fremst skriv Parr originalt og særeigent. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene hennar er omsette til ei rekkje språk, og ho har hausta ei mengd litterære prisar. Vaffelhjarte er filmatisert for NRK og blei sendt i 2011, og no går Tonje Glimmerdal til scenen her på Det Norske Teatret.
Passar for barn frå fem år og vaksne.
Dagsavisen : "Rett og slett glimrende"
Les meir på www.detnorsketeatret.no