I år la vi oss i planlegginga av dagen tidleg. Vi starta med å fordjupe oss i Bjørnis-oppgåver som vi skreiv ut frå Bjørnisteamet på internett. Svupp, så fekk vi lurt inn litt brannsikring også, samt telefonnummeret til brannstasjonen også dersom uhellet skulle vere ute.
Aktiviteter - Brannbamsen Bjørnis
Vidare kontakta vi den lokale brannstasjonen og fekk kome dit på besøk for å helse på sjølvaste brannbamsen Bjørnis. Sjølvsagt har vi iherdig øvd inn dansen "Hele Norges Bjørnis".
(Den, og fleire Bjørnisdansar finn de lett som spett på youtube).
Vidare gjekk vi til verket og sanka gratis gamle bilderammer frå bygdefolk, som vi deretter måla svarte.
Ved perlebordet vart Bjørnis behørleg "nabba", og flammar frå kassa med restepapp vart produsert i stor stil. Slik vart Bjørnisbileta skapte! Vi synest sjølve at dei vart kjempekule.
Alle feiringar med respekt for seg sjølve har servering av eit slag. I år serverte vi bamsebollekake toppa med Bamsemoms frå Nidar. Må vere lov med litt søtsaker av og til, og det var no trass alt fredda`n. Litt sånn til vårt forsvar skal det henge med at vi faktisk gafla ned eit grovt knekkebrød og knaskegulrot før "søtstoffet".
|
|
Vi sang alle bamsesangane vi berre kunne kome på, og laga det argaste bamsesjukehuset ein berre kunne tenkje seg. Her kunne ein jammen snakke om legar utan grenser altså!
|
|
|
|
I eit nitidig magisk køsystem som ungane organiserte heilt sjølve vart kvar einaste bamseskrott i heile basen behandla i tur og orden, både via røntgenavdeling, plastring, spjelking, sjekk av øyre, nase og hals,- samt store mengder bamsekos. Sistnemde behandlingsmetode synte seg som den absolutt mest effektive! Nesten som nokre av bamsane faktisk nesten vart heilt levande...
Vi er heldige som har vår eiga Sølvi-sydame på laget som kasta seg rundt og sydde legeutstyr i ein fei dagen før, slik at resten av arbeidslaget i like høgt tempo med sans for herleg galskap og kreativitet verkeleg fekk blomstre.
Lesarane kan kanskje ane seg at denne dagen vart notert i temaboka som aldeles PERFEKT!
Bamsklemmar frå små og store ved Hundeidvik Privatskule sin SFO
Med trivsel i sentrum og rett til å blomstre!